Planlegging av gravferd

Kven ordnar dei ulike tinga etter dødsfallet?

Ein av våre kjære er død. I tillegg til sorg og smerte og mange tankar om vår kjære, kjem alle praktiske gjeremål som må løysast – ofte innan kort tid. Oftast får ein hjelp frå aldersinstitusjon, sjukehus og/eller lege om kven som skal ha medling om dødsfallet. Dødsmeldinga vert skriven av lege og sendt til lensmannen eller skifteretten. Lensmannen sender dødsattest  til gravplassforvaltninga , folkeregisteret og NAV.

Etter eit dødsfall er det vanleg at dei pårørande straks henvender seg til eit gravferdsbyrå som hjelper til med dei fleste praktiske spørsmål. Det er likevel ingenting i vegen for at ein tek hand om ei eller fleire av oppgåvene sjølv, som kontakt med prest, stell av den døde, annonsering, transport osv. Nokon ynskjer å gjera mest mogleg sjølve i førebuingane til gravferda. Andre vil overlate dette til eit gravferdsbyrå. I dag veit me at det kan bety mykje for sorgarbeidet om dei syrgjande sjølve deltek atkivt og i dei praktiske førebuingane. Enkelte pårørande har hatt utbytte av å vere meir med i prosessen, særleg når ein har opplevd dødsfall i nær familie. Det er viktig å tenkje over kva ein vil at andre skal ordne, og kva ein ynskjer å gjera sjølv.

Gravlegging eller kremasjon?

Både gravferd og kremasjon skal finne stad seinast ti virkedagar etter dødsfallet, dersom ikkje spesielle høve tilseier noko anna.

Gravlegging

Ved gravlegging vert kista med den døde sett ned i jorda på gravplassen,  For avlidne i Vaksdal kommune er det kostnadsfritt og verta gravlagt på ein gravplassane  i kommunen. 

Kremasjon

Ved kremasjon vert kista med den døde frakta til Møllendal krematorium i Bergen, like etter gravferdsseremonien (oftast kalt bisetjing).  Oska vert samla i ei urne og sendt til gravplassforvaltaren/ kyrkjeleg felelsråd i Vaksdal. Urna må jordfestas 6 mnnd etter kremasjon. Kyrkjeverja kontaktar pårørande når urna er levert, for å avtala urnenedsetjing. Om pårørande ikkje vil vera med vil gravplassadministrajosnen syta for at urna vert jordfesta, og informere pårørande om kvar denne er.

 

Andre former for gravleggjing:

Dødfødde born

Lova set inga nedre grense for kor gamalt eit dødfødd barn må vera for å kunna gravleggjast. Det vil i praksis sei at det er mogleg for foreldre som ynskjer det, å få gravferd for born/foster som døyr svært tidleg i svangerskapet. Dødfødde born har rett til eiga grav i mora sin bustadkommune.

Spreiing av oske

Det er mogleg å søke om oskespreiing over åpen sjø eller fjell. Statsforvaltaren kan etter ei datert og underskreven erklæring frå ein person som har fylt 15 år, gje løyve til at den som skal sørge for avlidnes gravferd spreier oska. Det er også mogleg for etterlatte å søke om oskespreiing etter at ein person har gått bort. For meir informasjon sjå; https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/folk-og-samfunn/oskespreiing/

NB! Det er ikkje mogleg å få namn på eit gravminne på gravplassen ved oskespreiing.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"