Anton Heggvik har etter kvart blitt eit kjent namn i Vanylven. Sidan 1. mars 2022 har han vore prest under utdanning. No har han fullført utdanninga, og søndag 23. juni kl. 16.00 feirar vi vigslingsgudsteneste i Vanylven kyrkje. Alle er hjarteleg velkomne til å ta del i hendinga!
Biskop Ingeborg Midtømme, prost Ingeborg Matre, Arne Moltubak og mange andre tek del for å gjere dagen til ein fest. Ta turen du, og!