Musikken er ein del av heilheita i kyrkja. Han understrekar bodskapen og set oss i rette stemninga anten det er i sorg eller glede. Musikken i seg kan og få oss til å kome bort frå kvardagen ei lita stund og samle tankane.
Vår organist Robert Clark er aktiv både i gudstenestelivet, med eigne konsertar og er med i trusopplæringa. Han kan og vere til hjelp om ein treng tips til musikk i høve dei store hendingane i livet som kyrkja er med i.