Øyjar kapell 60 år

Sundag 15. september kl. 19.00 markerar at Øyjar kapell er 60 år med konsert med Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust!

Øyjar kapell 60 år

I duoen Fossum/Aukrust får vi oppleve eit unikt lydbilde: Den lågmælte og klangfulle langeleiken, som har levd i minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med kyrkjeorgel, eit av dei mektigste instrumenta vi har. Gjennom konserten får vi høyre folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Valdres i ein ny musikalsk drakt: Halling og springleik, lyarlåttar og bådnsullar, delvis i kombinasjon med nyare, klassiske verk. Mykje av musikken har fjell- og stølsliv som tema, frå fjella som skiljer heimtraktene til dei to utøvarane. Langeleiken og orgelet skiftar mellom å ha ein ledande rolle, og vi får òg høyre song og kraviklyre.

I tillegg til konserten blir det servering av kaffe og kaker, og Johanna Fuglesteg og Mona Dalen vil fortelje litt om historia til denne lille kyrkja som ligg i Øyebygda - på vestsida mellom Slidre og Røn. Billettar kjøpast døra. 150 kr for vaksne og gratis for Ung INN-medlemmar (https://unginnlandet.no/ungdomsordninger/unginn/) og born under 13 år.

Denne markeringa er eit samarbeid mellom Røn sokneråd og Valdres Folkemusikkarrangement AS og arrangementet er støtta av Vestre Slidre kommune, Vestre Slidre Historielag, Norsk Kulturfond og Kiwi Røn. Alt eventuelt overskudd for dette arrangementet går til Røn sokneråd. 

 

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"