Det skjedde mykje i Røn kyrkje sundag 25 september. Det var utdeling av 4-årsboka, barnedåp og hauttakkefest.
Det vart ei trivelig stund i ei haustpynta kyrkje i Røn, godt leia av prest Tygve Rø.
Det var 8 flotte 4-åringar som fekk bok med arbeidshefte frå trusopplærar Geir. Dåpsbarnet blei døypt av ei stødig hand frå presten, med 4-åringane som nysgjerrige tilskodarar, og jenta fikk navnet Eiril.
Messa vart avslutta med kyrkjekaffe av soknerådet i Røn.