Tradisjon tro hadde vi i kyrkjestaben besøk av barnehagane i år også.
I år var det litt spesielt då vi fekk med oss "levande Jesusbarn". To av dei nydøypte i haust stilte opp som Jesusbarn.
Vesle Sofie med mor Solveig og Lukas med mor Ida Marie stilte sporty opp som "stand in" for Maria og Jesus.
Det heile starta med at barnehagane kom og vart innskriven i manntallet, for så å få på seg kostyme for å delta i sjølve spelet. Borna vart godt ført gjennom juleevangeliet saman med oss i staben og innimellom sang vi kjende songar.
Det heile vart avslutta med lunsj og pepparkaker. Tusen takk for besøket og for ei triveleg stund i lag med dykk!