Søndag 6.juni var årets konfimantar i Vestre Slidre invitert til ein eigen dag i Prestgarden.
Hekta-teamet, beståande av profesjonelle dansarar og songarar, hadde rigga til eit stort, flott opplegg - med både lyd-og lysanlegg.
Bandet spelte i lavvoen, det var dans og leik på plena og forteljing i stabburet. Dagen blei avslutta med eit fantastisk trylle- og dolke-sjonglering-show.
Det blei servert velsmakende tapas og pizza frå Saras Cafè i Ryfoss.
Vêret var på vår side og stemninga var god! Det var ein gjeng med fornøgde ungdomar vi sende heim. Takk for ein fin dag dag i lag med dykk!