Kyrkjeleg fellesråd er eit organ for soknet i Den norske kyrkja. Det er eitt kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune, og dette fellesrådet er samansett av representantar for sokneråda i kommunen, ein representant for kommunestyret og ein prost eller ein annan prest oppnmend av biskopen.
Det er soknerådet som opptrer på vegner av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller har heimel i lova. I kyrkjelova § 14 er det likevel slått fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeide om visse oppgåver innanfor kommunen. Dette gjeld:
- Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegne av kyrkjelydane.
- Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
- Arbeidsgjevaransvar
- Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta samarbeidet med kommunen.
 Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd 2023 - 2027 består no av:
| Kine Ramsland | Leiar | 
| Toril Olvik | Nestleiar | 
| Marianne Tuvmarken | 
 | 
| Ole Martin Ringen | 
 | 
| Arne Kolbjørnshus | 
 | 
| Karin Kongslien Gullhaug | 
 | 
| Anne Gustavsen | 
 | 
| Janne Sukka | Sokneprest | 
| Anne Berit Strømmen Strand | Kom. valt representant | 
| Inger Johanne Østby | Sekretær, kyrkjeverje | 
