Kongsberg var samla for å minne dei fem som vart drepne i det brutale angrepet tidlegare denne veka. Den vakre Kongsbergkyrkja var fylt av alle som ville vere med å minne dei omkomne. Kronprinsparet deltok på gudstenesta, saman med mellom anna justisminister Emilie Enger Mehl og statsforvaltar i Viken Valgerd Svarstad Haugland.
Gudstenesta vart leia av sokneprest Reidar Aasbø, og i tillegg deltok prost Roar Tønnesen og diakon Inger-Johanne Frogh. Musikken vart leia av kantor Kristin Flatland Solbu, som hadde fått god hjelp av lokale musikarar og songarar.
– Vi treng kvarandre
Biskop i Tunsberg bispedøme Jan Otto Myrseth heldt preika. Han oppmoda til å søkje saman og hjelpe kvarandre gjennom sorgen. – Fordi vi treng kvarandre, og difor treng vi påminninga om at vi høyrer saman. Særleg når vi har stått ansikt til ansikt med dødens mørke.
– Håpet trivst best i fellesskapet, medan håpløysa har best vilkår for vekst i einsemd og isolasjon, sa han.
Ord vert fattige
Oussama Tlili er leiar for Moskeen på Kongsberg. I si helsing til Kongsberg minna han om at ord vert fattige når tragedier rammar brått og tilfeldig. – Våre tankar og bøner går til dei etterlatne og berørte, til befolkninga i Kongsberg og heile Noreg.
Mot slutten av gudstenesta vart namna på dei fem lest opp, representantar frå naudetatane, helsevesenet og kriseteamet i kommunen tente lys.
Gudstenesta vart sendt direkte på NRK1, og det er høve til å sjå opptak i nettspelaren NRK TV.