– Alle er skapt i Guds bilete og elska i Kristus

Preses Olav Fykse Tveit melder at Den norske kyrkja ikkje vil stille seg bak ei erklæring om kjønns- og seksualitetsmangfald. Han meiner uttrykksmåten skadar og sårar menneske.

Preses Olav Fykse Tveit (foto: Den norske kyrkja).

– Den norske kyrkja vil i både ord og handlingar uttrykke bodskapen om at vi alle er skapt i Guds bilete og elska i Kristus slik vi er. Det er dette som er oppdraget vårt.

Det skriv preses Olav Fykse Tveit på si Facebook-side om at Den norske kyrkja ikkje stiller seg bak eit dokument om kjønn og seksualitet som andre kristne organisasjonar og kyrkjer har signert. 

Til avisa Vårt land forklarar preses at denne type dokument bidreg til å stenge folk ute:

– Å lage denne type erklæring om kva den kristne trua står for, er tungt for dei som vert ramma, og kanskje også retraumatiserande for dei som har kome seg vidare frå tidlegare erfaringar.  

Gud skapar enno

I intervjuet kommenterer Fykse Tveit på at dokumentet viser til skapingsforteljinga i Første mosebok som grunnlag for argument om kjønn og samliv:

– Dette er ikkje historiske tekstar, det er poesi. Ingen var til stades då dette skjedde. Vi må forstå at alle er skapt at Gud, at Gud enno skapar, og at alle menneske er skapt i Guds bilete. 

Han meiner det er ikkje er god bruk av teksten: 

– Transtematikken, slik den er på bordet i dag, står det ikkje noko om i Første mosebok, og det var ikkje tema for desse tekstane. Ein pressar meir ut av teksten enn det som er. 

Folk opplever seg ekskludert

Fykse Tveit møtte initiativtakar Øyvind Benestad til debatt i Dagsnytt 18 på NRK, 22. oktober. I debatten understreka preses konsekvensen av å uttale seg på den måten som dokumentet gjer:  

– Eg snakkar med folk som høyrer dette og oppfattar det som om at dei ikkje er akseptert, dei er ikkje velkommen slik som dei er.

Innleiingsvis i debatten sa Fykse Tveit at det er setningar i dokumentet han også kunne sagt, likevel er han som leiar blant biskopane tydeleg på at Den norkse kyrkja ikkje vil vere med på denne erklæringa.  

– Vi vil ikkje uttrykke oss slik fordi vi veit at når vi uttrykker oss på den måten, skader vi menneske, vi sårar og vi gjer det mykje vanskelegare for dei som treng at kyrkja er eit ope og inkluderande fellesskap. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"