Til lukke med dagen! Lihkku beivviin! Læhkoeh biejjine! Vuorbbe biejvijn!
Den norske kyrkja markerer samane sin nasjonaldag i kyrkjelydar over heile landet. Sjå glimt frå nokre av markeringane her.
Feiring av samisk nasjonaldag i det fri
I Fredrikstad blir nasjonaldagen feira både innan- og utandørs. I Domkirkeparken var det lavvo, kaffeservering og lassokasting heile dagen. Domkyrkja var også open for alle som ville kome inn i varmen.
Sjå korleis samiske uttrykk fyller kyrkjeromma
Kyrkjene fyllast med samiske historiar, språk, tonar og flagg desse dagane. Her er glimt fra norkre av det.
I Ulsteinvik var joik i gustenesta ved Rolf Anders Hætta.
Frå utgangen i gudstenesta i Ås kirke.
Se dette innlegget på Instagram
Foto fra Ås kirke: Bonsak Hammeraas, Ås avis
Fleire alter har blitt pynta med flagg. Sjå her, frå Ballangen menighet.
Eit glimt frå hovudstaden der det samiske flagget heilt tydeleg har inspirert fargebruken i kyrkja på Grefsen sitt glassmaleri.
Kyrkjer over heile landet heiser det samiske flagget
Det samiske prydar kyrkjebygg over heile landet. Her er nokre av dei. Vi startar med Hammerfest kirke sitt nyinnkjøpte, samiske flagg.
I Dolstad kyrkje fekk barna fargelegge det samiske flagget.
I Vågå vaia det samiske flagget i nydeleg februarsol.
Nasjonaldagshelsing frå Døvekyrkja
Sjå helsing frå Døvekyrkja her.
Kransekake, korsong og helsing frå preses
Preses Olav Fykse Tveit seier i dag: – Samenes nasjonaldag er ein dag for å løfte blikket: For samar å vere stolte og glade for alt det deira folk representerer og har. For alle i Noreg – og i Den norske kyrkja – å feire kulturrikdomen midt i mellom oss.
Les talen og sjå bilda frå markeringa på Kirkens hus i Oslo: