Nobels fredspris for 2023 vart i dag tildelt den fengsla iranske menneskerettaktivisten Narges Mohammadi. Ho fekk prisen for hennar mangeårige kamp mot kvinneundertrykking og arbeidet med å fremje menneskerettar og fridom for alle.
– Dette er ein svært fortent pris og ei stor anerkjenning av det viktige arbeidet til Mohammadi, seier internasjonal direktør i Den norske kyrkja, Einar Tjelle.
Fengsla prisvinnar
Mohammadi har kjempa mot dødsstraff, tortur og seksuell vald mot kvinner i iranske fengsel. Kampen har kosta henne mykje personleg. Ho er dømd til fengeslsstraff for til saman 31 år, og sit framleis i fengsel. Gjennom å skrive brev, bøker og rapportar har ho halde fram arbeidet frå fengsel.
Det at fredsprisvinnaren framleis sit i fengsel for sitt engasjement, meiner Tjelle viser kor viktig arbeidet er.
– At Narges Mohammadi sit i fengsel på grunn av kampen for nettopp fridom, demokrati og sosial rettferd seier noko om alvoret i saka. Det viser kor modig denne menneskerettaktivisten er.
Saka held fram under biletet av internasjonal direktør i Kyrkjerådet, Einar Tjelle. Foto: Den norske kyrkja.
Kvinner sine rettar
Under slagordet Women, life, freedom har Mohammadi og andre iranske aktivistar skapt global merksemd med solidaritet og engasjement i kampen for grunnleggande retter til iranske kvinner.
Mellomkyrkjeleg råd i Den norske kyrkja har gjennom mange år arbeida for menneskerettar og demokrati – og kvinner sine rettar har vore høgt på agendaen.
– Eg vonar og ber om at denne prisen vil vere eit viktig bidrag til å setje Iran og kampen for kvinner sine rettar på den internasjonale dagsordenen, avsluttar Tjelle.