I sommar har NRK hatt ein pause med gudstenester på TV, men snart startar dei opp igjen.
Den første blir eit opptak frå ei gudsteneste som blei halden på Dansefestivalen på Sel i Gudbrandsdalen. Den sendes søndag 27. august.
Frå søndag 3. september er kanalen i gang igjen med direktesende gudstenester frå dei faste kyrkjene.
Og no skiftar NRK ut nokre av dei som har vore med tidlegare, så i løpet av hausten kjem tre nye kyrkjer med på laget.
Dei nye kyrkjene er:
- Arna kyrkje i Bergen (som har si første NRK-gudsteneste 3. september)
- Ulstein kyrkje i Ulsteinvik (har si første NRK-gudsteneste 5. november)
- Bodø domkyrkje (har si første NRK-gudsteneste 19. november)
Lura kyrkje i Sandnes, Jessheim kyrkje i Ullensaker og Filadelfiakirken Drammen blir også med i haust og vinter.