Oppgraderte nettsider

Kyrkja sine nettsider har dei siste dagane gått gjennom ei stor og nødvendig oppgradering. No skal nettsider til både kyrkjelydar, fellesråd, bispedømeråd og kyrkja nasjonalt fungere.

Kyrkja sine nettsider er flytta til sky. Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja.

Denne veka har kyrkja sine nettsider vorte oppdaterte. Det gjeld både dei nasjonale sidene kirken.no og kyrkja.no – men også alle kyrkjelydar, fellesråd og bispedømeråd som har desse sidene. 

Oppgraderinga har tatt fleire dagar, men no skal nettsidene fungere. 

Flytta til skyplattform

Nettsidene er flytta frå fysiske serverar og over til ei skyplattform som vil mogeleggjere enda betre nettsider. 

– Dette vil gjere nettsidene våre tryggare og bane veg for utvikling i framtida, seier konsitutert kommunikasjonsdirektør Emil Engeset.

Gjennom veka har sidene vore ustabile og tidvis utilgjengelege. No er oppgraderinga ferdig, og det vert jobba med å rette mindre feil. 

– Dette er noko alle verksemder gjer, og denne veka var det altså vår tur, seier Engeset.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"