Ei gruppe med frivillige, som kallar seg Nyekyrkjekarane, arrangerer årleg den største bilmessa mellom Bergen og Trondheim, i Ulsteinvik. Overskotet frå familiearrangementet går til kyrkja sitt arbeid for barn og unge og eit nytt kyrkjebygg i Ulstein.
Laurdag 10. juni var det strålande sol på Sunnmøre, og fleire tusen deltakarar kom på den store bilmessa for heile familien.
I tillegg til over hundre utstilte bilar var det sceneprogram med tryllekunstnar Hedné, auksjon og song frå fleire av kora i kyrkjelyden. Ordføraren opna messa – og fleire frivillige lag og organisasjonar stilte opp.