Det er også tre år sidan Den norske kyrkja opna dørene, endra gudstenesteplanane og i løpet av 26 timar lagde sørgegudsteneste i Oslo domkyrkje.
Tre år etter vert dette på nytt markert i kyrkja, denne gangen som ei tverrkyrkjeleg gudsteneste i Metodistkirken Oslo.
– Skytinga under Oslo Pride for tre år sidan er ei påminning om at vi framleis må stå opp for menneskeverdet og alle sin rett til å vere seg sjølv, seier preses Olav Fykse Tveit og utdjupar:
– Etter terroren i 2022 kunne vi i kyrkja vise at kyrkja skal vere eit ope og trygt rom for skeive. Dette eit kontinuerleg arbeid der vi som kyrkje, og særleg vi i leiinga, må gjere det vi kan for at det skal vere trygt for skeive, både som tilsett, frivillig og deltakar på våre arrangement.
I 2020 kom det ein rapport som viste både diskriminering og positive haldningar til LHBT+ blant tilsette i kyrkja. Etter denne rapporten vart det sett inn fleire tiltak knytt til mellom anna arbeidsmiljø.
Flagg på pulten
Fykse Tveit oppmoda til å slå ring om Pride, då han for første gong gjekk i paraden i 2023. I år er han på Samiske kirkedager i Alta medan paraden i Oslo går. Han har eit lite regnbogeflagg ståande på kontoret sitt på Kirkens hus gjennom heile året, som blir løfta fram i juni.
– For meg handlar flagget om at skeive tilsette og andre fortel at regnbogeflagget verkar som ein markør på at dette er eit trygt rom, der ein kan kome som skeiv. Eg vil jobbe for at kyrkja skal vere eit trygt rom og ein god arbeidsplass, noko vi alle har ansvar for. Det gjer eg mellom anna ved å setje fram flagget i juni.
Han seier at flagget gjev ei påminning om kampen som har vore og framleis er:
– Ved å ha det synleg framme blir eg også minna på at det er og har vore ein kamp for mange om å få jobbe eller delta i kyrkja som skeiv.
