Ukrainske flagg farga Karl Johans gate gul og blå på Ukrainas uavhengighetsdag 24. august. Dagen vart markert med verdas første ukrainske barnetog i Oslo sentrum. Barnetoget gikk fra Eidsvolls plass ved Stortinget til slottet og tilbake.
Kyrkjene i sentrum, med Freds – og forsoningskyrkja Trefoldighet i spissen, stilte med ei hyggjeleg overrasking til barna.
– Vi har mobilisert gode krefter i kyrkjene i Oslo sentrum og byr på hundrevis av bollar, juice og is. Mange ukrainarar er truande ortodokse kristne, så dei blir veldig glade for å ha kyrkja i ryggen på ein slik dag, sa diakon Torbjørg Aalborg i Freds- og forsoningskyrkja Trefoldighet.
Etter toget var det appellar både på Eidsvolls plass og på Ukraina plass. Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, heldt ein appell.
– Eg står her i dag for å seia til dykk som er ukrainarar i Noreg: Me veit at de har det tøft, me kjenner med dykk, og me gjer det me kan for å støtta kampen dykkar om rettferdig fred i Ukraina, sa Fykse Tveit mellom anna i sin appell. Han heldt også fram symbolikken i barnetoget:
– Eg blir rørt av at barna har gått i tog i dag. Det er så fint at barna er med på denne måten, for å markera ein frigjeringsdag for deira framtid. Me har lang tradisjon for det i Noreg og det er symboltungt. Me veit at fedrar og mødrer ofrar seg i krigen for å kjempa for framtida til borna sine. Me må støtte på så mange måtar det lèt seg gjera.