Trua på det utrulege

– Det som skjedde den første påskedagen vert ikkje meir eller mindre sant alt etter kor mange nordmenn som seier dei trur på det eller ikkje. Preses Olav Fykse Tveit heldt preike i Nidarosdomen på første påskedag.

Preses Olav Fykse Tveit heldt preike i Nidarosdomen på første påskedag. Foto: Titt Melhuus / Den norske kyrkja

– Vi feirar ikkje våre meiningar. Vi feirar Jesus som overvandt døden. Ja, vi feirar livet, sjølve livet, livets opphav, livets Gud – og at Gud er midt i mellom oss.

Det seier Olav Fykse Tveikt. Han er leiande biskop i Den norske kyrkja og heldt preika i Nidarosdomen på første påskedag.

Han understreka at påskebodskapen vert feira overalt – også utanfor kyrkjeroma:

– I gudstenester ute og der vi måtte vere. Også med god mat og drikke, med familie og vener i heimane våre eller i hytter til fjells. Eller andre stader.

Trur du på oppstoda?

Fykse Tveit ynskjer ei fornya påskefeiring for å enda betre få fram kva som vert feira i den kristne påskefeiringa. Han siktar til meiningsmålingar før påskehøgtida.

– 9 av 10 seier dei ikkje trur at Jesus sto fysisk opp frå dei døde.

Men han poengterer at kyrkja ikkje feirar påske for å forandre meiningsmålingane:

– Det som skjedde den første påskedagen vert ikkje meir eller mindre sant alt etter kor mange nordmenn som seier dei trur på det eller ikkje.

Å velje å tru

– Den kristne trua på oppstoda er trua på det u-trulege, på det usannsynlege. Difor er det noko heilt anna enn det vi resonnerer oss fram til. Enten ved å bygge på kjente fenomen, eller resonnement over kva kunne ha ført til dette.

Han kjem med fleire døme på kva vi trur på, sjølv om vi ikkje alltid erfarer det:

– Trur vi ikkje på livets kraft? Trur vi på kjærleiken? Trur vi på det godes kraft? Trur vi på framtida? Trur vi på rettferda?

Fykse Tveit meiner dette er verdt å tru på, sjølv om vi ikkje alltid forstår det. Det handlar om å velje å tru på det:

– På same måte kan vi velje å tru at det er Gud som står bak det vi høyrer og feirar på påskedag. Og difor har det skjedd. Og difor har det betydning også for oss.

Les heile påskedagspreika her

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"