Konflikt treng ikkje vere negativt i seg sjølv, og er ofte ei føresetnad for naudsynt endring. Kyrkja må våge å seie ifrå om urett og dermed gå inn i konfliktar. Men kyrkja står sterkt opp mot vald, og arbeider med ikkje-valdelege metodar for å løysa konflikt. Dette skjer gjennom forsoningsarbeid og gjennom fokus på vern og styrking av menneskerettar.
Ikkje-vald, dialog og styrking av menneskerettar.
Fredsarbeidet til kyrkja er sterkt knytt opp mot arbeidet for styrka vern av menneskerettar. Men det har og andre direkte fredsrelaterte engasjement. Til dømes har Den norske kyrkja vore aktiv når det gjeld arbeid for sterkare våpenkontroll. Denne type arbeid gjerast i samarbeid med andre aktørar, i Norge og internasjonalt, med mål om å påverke fora som FN til å lage avtaler som forpliktar statar til strengare våpenkontroll.
Som ein del av den verdsvide kyrkja er Den norske kyrkja engasjert i fredsarbeid i områder ramma av konflikt. Vi har nære band i Midtausten, og i Israel og Palestina generelt. Her støtter vi blant anna opp om dialogarbeid mellom religiøse leiarar, vi er aktiv i Kirkens Nødhjelp sitt ledsagerprogram og vi støtter kristne i området gjennom blant anna samarbeid med Middle East Council of Churches (MECC) og det lutherske sjukehuset i Jerusalem (Augusta Victoria- sjukehuset). Mange norske kyrkjelyder har etablert vennskapsforhold til kyrkjer i Midtausten.