Caroline Serck-Hanssen (55) er fødd og oppvaksen i Oslo. Ho vart døypt i Haslum kyrkje i Bærum, ei steinkyrkje frå slutten av 1100-talet som ligg attmed pilegrimsleia til Trondheim. Det høver særleg godt for ei som er så interessert i kyrkjearkitektur og pilegrimsvandring som Caroline.
Brei kunnskap på mange felt
Den nye presten har frå tidlegare ein ph.d.-grad i kunsthistorie og bakgrunn som museumskonservator. Ho har arbeidd fleire år i Nord-Noreg, og på Glomdalsmuseet i Elverum. Før ho byrja teologistudiet i 2022, arbeidde ho nokre år som faglitterær forfattar og kulturformidlar. Ho har gitt ut fleire bøker, den siste i 2021, ei innføringsbok i ortodoks kristendom. Etter at Russland gjekk til fullskalakrig mot Ukraina året etter, har ho hatt fleire foredrag og skreve artiklar om krigens kyrkjelege bakteppe.
Caroline byrjar som prestevikar i stillinga som sokneprest i Nord-Fron for Sødorp og Kvikne sokn 18. august. Arbeidsplassen sin får Caroline på Vinstra, og ho vil arbeide saman med Benjamin Fjellheim Olsen som var ny i fjor. "Eg er glad vi blir to prestar i Nord-Fron, for å dele på oppgåvene i det daglege, men også fordi vi da får eit fagleg fellesskap", seier Caroline.
I to år har ho vore juleprest i Nordsjøen. Her på Oseberg feltsenter. Foto: Equinor.
Ho arbeidde som prestevikar i Vinger og Odal sommaren 2024, og treivst svært godt i tenesta. Difor var det nærliggande å søke fast stilling i Hamar bispedømme. Då hadde ho allereie i eit par år sett for seg å kunne arbeide i Nord-Gudbrandsdalen, fordi området er så rikt på både natur og kultur. Caroline er ein ivrig turgåar sommar som vinter, og gler seg til å utforske fjellområda som ligg rundt Vinstra. På sikt håpar ho å kunne bidra til det regionale kyrkjelege pilegrimsarbeidet, i fyrste omgang med enkle lokale opplegg for konfirmantar. I samband med pilegrimsdagane på Dovre har ho tidlegare gått derifrå til Hjerkinn.
Caroline ønskjer å vere ein imøtekommande folkekyrkjeprest der formidlinga av evangeliet og sakramenta står i sentrum. For hennar eige trusliv er det viktig for henne å delta aktivt i kyrkja sin liturgi.
Hausttakkefest i Hof Finnskog i 2024. Foto: Inger Thommesen.
Vil få med frøningane til å syngje
Ho har sunge i kor i ulike kyrkjelydar frå ho var 16 år. "Eg er oppteken av det fysiske i kristentrua", seier ho. Visuell kunst, salmar og liturgiske tekstar blir viktige verktøy for å nå alle sansane til folk i formidlinga. I sin teologiske masteravhandling analyserte Caroline eit knippe salmar i den nyaste salmeboka, og nå ivrar ho for å gjere innhaldet i denne skattekista betre kjend gjennom salmekveldar.
Ho ser fram til å samarbeide med kyrkjemusikarar og friviljuge. "Tenk om vi kunne fått organisert ei forsongar-gruppe, slik at terskelen for å syngje med blir lågare for kyrkjelyden?", seier ho entusiastisk. Ho legg til at det blir viktig for henne å involvere seg aktivt også utanfor kyrkjebygget sine vegger, i lokalsamfunnet. "Kyrkja må vere tilgjengeleg i folk sine liv, der dei er, både i konkret og overførd tyding", seier Caroline Serck-Hanssen.
Vi ønskjer henne velkomen og lukke til i tenesta.
To vakre tømmer-kyrkjer frå midten av 1700-talet blir arbeidsstad for Caroline Serck-Hanssen. Foto: Aslaug S. Haugen og Per Øyvind Fredin.
Søk jobb i Hamar bispedømme. Ledige stillingar nå: