Målblome til biskop Solveig

- For ei glede, var fyrste reaksjonen då biskop Solveig fekk utmerkinga Målblomen av styret i Hamar dialekt- og mållag.

Sett stor pris på utmerkinga Målblomen. Foto: Guttorm Eidslott

Biskop Solveig Fiske fekk Målblomen for å vere eit førebilete når det gjeld bruk av nynorsk i tenesta og privat.

Fyrste i Hamar

Jens Haugan er leiar i mållaget. Han seier at koronasituasjonen har gjort ein større feiring av prisen umogleg. Difor kom han og nestleiar Silje Nathalie Luvåsen på døra heime hos biskopen måndag 15. februar med prisen.

Målblomen er ein tradisjon i Noregs Mållag og dei ulike lokallaga.

- I Hamar dialekt- og mållag har vi ikkje delt ut nokon målblome før det no kom inn forslag, og forslaget var veldig tydeleg ein passande kandidat til denne typen utmerking, seier Jens Haugan.

Biskopen sett stor pris på overraskinga. - Dialekt er identitet og hjartespråk, seier ho.

Dette er mållagets grunngjeving for prisen:

  • For å bruke nynorsk i sin profesjon og privat
  • For å vise at også nynorsken har sin rettmessige plass i kyrkja og i samfunnet elles
  • For å vise at nynorsk kan brukast på Austlandet
  • For å vise at nynorsk kan brukast på Hamar
  • For å vise at ein kan bruke nynorsk for å prate om både glede og sorg
  • For å vere eit førebilete for mange, også som nynorskbrukar.

- Dessverre finn ein ikkje så mykje bruk av nynorsk i det offentlege rom her på Hamar, seier Jens Haugan. Han håper prisen vil vere med på å synleggjere at dialekt og nynorsk kan brukast på mange arenaer, og sjølvsagt heidre dei som gjer ein ekstra innsats på dette området.

Biskop Solveig har aldri opplevd å ikkje bli forstått. Ho normaliserer talemålet litt i gudstenester og offentlege handlingar. - Men klangen frå nordmørsdialekta er framleis der.

Vi gratulerer biskopen vår med Målblomen!

 

Kontaktinformasjon for Hamar biskop og bispedømmeråd

Kontoret er åpent
mandag-fredag 09.00-15.00 (vi holder stengt 14. - 16. april ifm påsken)
Telefon +47 62 55 03 50 

 

 

 

 

 

Folkestadsgt. 52
2317 Hamar
Postboks 172
2302 Hamar
hamar.bdr@kirken.no

Fakturaadresse: 

Faktura sendes som EHF. Alternativt som pdf-faktura til vårt fakturamottak mb.12908@xledger.net (Merk: kun én faktura med vedlegg pr. e-post).

Org nr: 818 066 872
Ref: 2303101 + navn på bestiller

Pr. post:

Den norske kirke v/Hamar bispedømmeråd
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

Vi ber om 30 dagers betalingsbetingelse. 

Ved vold og seksuelle overgrep
i kristen sammenheng:
kontakt Kirkelig ressurssenter
Tlf: 23 22 79 30
post@kirkeligressurssenter.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"