Dei tre eldsjelene Astrid og Jan Gunnar Breivik og Håkon Birkeland fekk velfortent applaus for sitt arbeid med å laga eit godt tilbod for dei unge i bygda. Dei tre har halde på helt sidan 1987 då dei skipa yngreslaget i bygda. I dag held dei til på den nedlagte skulen på Straumsnes der barn og unge i alderen 10-15 år får driva med sløyd-aktivitetar og sang, i tillegg til fine turar i nærområdet.
- Dei har gjort ein imponerande innsats gjennom 34 år. Yngresarbeidet i Vrådal er viktig for bygda. Dei bidreg også til å halde aktivitetane i den nå nedlagte skulen oppe, seier Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark.
Det var 28. gong ein delte ut Diakoniprisen i Vest-Telemark. På samlinga deltok elles kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum med inspirerande tankar og visjonar for framtidas diakoni.
Sidan 1979 har ein i Vest- Telemark hatt årlege diakonisamlingar. Det heile starta med diakonirådgjevar i bispedømmet, Oddvar Ripegutu, som heldt diakonikurs i kvart prosti. Samlingane dei neste åra styrkte tanken om ei stilling som prostidiakon, og i 1985 vart tanken realisert. Per Emanuelsen vart landets fyrste prostidiakon. Sidan 1991 er det Eilev Erikstein som har stillinga.