Årets pris gjekk til Kakeringen i Åmot i Vinje. Prisen vart delt under Diakonisamlinga på Dalen 8.april og vart feira ilag med både biskop Stein Reinertsen og generalsekretær i Kirkens Bymisjon Adelheid Firing Hvambsal (bildet t.h.).
I grunngjevinga for prisen heiter det:
Her vert alle folk ønskt varmt velkomne. Her møter ein ofte venlege ord og mange smil. Dette er ein stad der folk kan kjenne at dei er verdt noko. Det ser ut til å gjelde anten ein står bak disken eller nyttar staden som gjester.
Personalets inkluderande veremåte gjer at mange kjenner at dette er kaféen deira. Gjennom dei siste ti åra er skapt ein sosial møtestad her. Gjennom bevisst arbeid med kvalitet på bakverk og mat, men ikkje minst personalet sin inkluderande måte å møte gjestene på, kjenner ein seg velkomen her.