I år er det fem hundre år sidan Reformasjonen starta. Dette vert markert rundt om i landet. Med denne messa vil me òg markere den lange pilegrimstradisjon til Røldal. Slik vandringar gjekk frå 1300- talet til 1835. Vandringane vart tenke opp att litt etter tusenårsskiftet i eit samarbeid mellom kyrkja og lokale historielag.
Reformatoren Martin Luther baud at det må bli slutt på pilegrimsvandringane, men det tok altså lang tid før dette nådde dei som gjekk Røldal. På 1980- talet tok ein igjen til å markere Røldal som pilegrimsbygd, og frå 2003 har det gått årlege vandringar frå Vest- Telemark og sidan også frå Hovden til Rødal.
Korleis kjem ein til Ulevåbotn ?
Austfrå køyrer du opp mot Dyrskar, og andre veg mot venstre midt i bakken. Vestfrå over Dyrskar fyrste veg til venstre etter hytta på toppen, elles kan ein parkere på Midtfjellsvollen og gå fire – fem kilometer vestover mot Ulevåbotn.
Laurdal 26. august vert det halden ei utemesse i Ulevåbotn. Predikant denne dagen er biskop i Agder og Telemark Stein Reinertsen.
Vil ein vite meir om denne gudstenesta, kontakt:
Prost Asgeir Sele i Øvre Telemark prost i (41566043) eller prostidiakon Eilev Erikstein ( 91113580).