Å gå pilegrim var ei håpsrørsle. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss, ville me aldri bry oss om å gå. Vegen framfor oss ber håpet i seg.
-Difor har det å gå ein ekstra verdi i møte med sorg. Sorg er jamt tung, men spesiell tung er sorga ved sjølvmord. Den som har mista ein kjær i sjølvmord treng mykje von, og pilegrimsvandringa kan vere ei rørsle som bringer fram von, sier prostidiakon Eilev Erikstein. Han er prostidiakon i Vest-Telemark og har stått bak «Vandring mot forandring» i mange år.
Over Haukeli til Røldal
Vandring til forandring er ei vandring langs den gamle pilegrimsvegen over Haukelifjell til Røldal stavkyrkje. Pilegrimsturen er også ei markering av Verdsdagen for førebygging av sjølvmord. (10.sept).
Vandringa er eit samarbeid mellom Prostidiakonen i Vest- Telemark, RVTS Sør og Agder og Telemark bispedøme.
Påmelding og info hjå Prostidiakon Eilev Erikstein 91 11 35 80 eller mail : eilever@online.no
Frammøte på Haukelifjell Skisenter i Vågsli fredag 11. september kl. 19.
Meir info i det vedlagde dokumentet.