Dette går fram av bispedømerådet sitt vedtak om ny strategi i bispedømerådsmøtet 2. februar 2021.
Heile strategivedtaket ser slik ut:
Kyrkja i Bjørgvin vil i perioden 2021 – 2024 særleg arbeide for at
- Fleire i Bjørgvin vert døypte ved å
- styrke kyrkjelyden sitt oppsøkjande arbeid med å forkynne evangeliet til tru
- formidle at trua er ei gåve som ein mottek i dåpen
- invitere folk i alle aldrar til å ta i mot dåpsgåva
- Kyrkja skal vera ein meiningsfull arena for ungdom og unge vaksne der dei kan
- vere – og finne trygge og gode møteplassar
- skape – og bruke sine eigne kulturelle uttrykkformar
- bere - og verte engasjerte for menneskeverd, klima og rettferd
- tru - ved å delta aktivt i gudstenester og fellesskap
- Det kyrkjelydsbyggjande arbeidet vert styrka ved å
- inspirere fleire til å bruke sine evner og gåver i friviljug teneste
- nytte systematiske verktøy i rekruttering og oppfylging
- fremje gjevarteneste
- Kunst- og kulturuttrykk skal vere ein vital del av den lokale kyrkja ved å
- la kunst- og kulturuttrykk vide ut forkynninga og opne opp eit rom for tru
- fremje kyrkja sitt eige arbeid på kyrkjemusikk, kunst og kultur
- utvikle samarbeidet mellom kyrkja og det lokale kunst- og kulturlivet
- Kyrkja er synleg i lokalsamfunnet ved å
- møte folk der dei er i livet og skape inkluderande fellesskap
- samverke med lokale aktørar
- vere aktiv pådrivar for berekraftig utvikling
Kyrkja i Bjørgvin vil nå sine mål ved å vere:
- Open
- Synleg
- Nær