Bjørgvinsamtalen Sogn og Fjordane

Praktisk informasjon

Frå:6.9.2025 - kl.10.15

Til:6.9.2025 - kl.16.30

Stad:Vassenden kyrkjesenter, Lergrovbakke 12, 6847 Vassenden, Jølster

Arrangør:Bjørgvin bispedømeråd

Bjørgvin bispedømeråd inviterer sokneråda til inspirasjonssamling. – Vi har valt å kalle samlinga for «Bjørgvinsamtalen», då vi ønskjer at dette skal bli ein god samtale, både mellom råda og mellom bispedømerådet og sokneråda, skriv stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit i invitasjonen som no er sendt ut til alle sokn via. prostane. 

Temaet for samlingane vil vera «Guds miskunn i møte med ei uroleg verd». – Det er nyttig å kunne møtast og bli kjende med korleis andre gjer det, treffe andre og forhåpentlegvis bli inspirerte. For at samlinga ikkje skal bli for stor, har vi valt å ha to samlingar, og vi set ei grense på tre representantar frå kvart råd, seier stiftsdirektøren.

Førebels program for «Bjørgvinsamtalen 2025»

Tema: «Guds miskunn i møte med ei uroleg verd – Kyrkja som bærar av håpet»

Program

  • 10:15: Registrering og kaffe
  • 10:45: Velkomen og presentasjon ved bispedømerådet sin leiar
  • 11:15: Frivillige – kven er dei og korleis tenkjer dei?
  • Tor Kristiansen, tidlegare journalist i Bergens Tidende, har intervjua fleire menneske som har valt å vere med på frivillig arbeid. Han vil innleie med nokre tankar derfrå før vi tek samtalen i grupper.
  • 12:30: Varm lunsj
  • 13:30 Kor er vi – dømer frå enkelte stader i bispedømet
  • 1400: Korleis arbeider vi lokalt og i bispedøme? Kva rører seg og korleis forstår vi vår rolle i dette? Samtalar og erfaringsdeling
  • 14:30: Pause med kaffeï15:00: Oppsummering

15:30: Gudsteneste med biskop Ragnhild

16:30: Vel heim

Påmelding seinast 22. august. 

Klikk her for påmelding
Bilete frå sist gong det var inspirasjonssamling for sokneråda, i samband med bispevigslinga i april 2023.
Bilete frå sist gong det var inspirasjonssamling for sokneråda, i samband med bispevigslinga i april 2023.