Fagdag undervisning
Praktisk informasjon
Frå:16.10.2025 - kl.09.00
Til:16.10.2025 - kl.15.45
Stad:Home Hotel Bryggen, inngang Rosenkrantzgt. 8
Arrangør:Bjørgvin bispedømekontor
Fagdag for tilsette i kyrkjeleg undervisning. Gratis deltaking. Meld deg på snarast mogeleg og helst innan 14. oktober via lenke nedst på sida.
TIDSPLAN
Torsdag 16. oktober kl. 09.00-15.45 kaffe i forkant
Økt 1 kl. 09.00-12.00
Lunsj kl. 12.00-13.00
Økt 2: kl. 13.00-15.45
Variasjon og pausar undervegs i øktene.
Aktuelt program, ikkje alt kjem til å «nå opp» i denne omgang:
-
Status for nye rammeplanar (kyrkjeleg undervisning og læring)- framdriftsplan. Bruk av KyrkjaVår. Ta vare på viktig informasjon frå Planverktøyet for trusopplæring. Rapportering.
-
«Eg var framand» - korleis legg vi til rette for folk som ikkje er født/døpt inn i Den norske kyrkja? Kva kan kyrkja ha å lære av folk som har flytta til Norge frå andre land?
-
Om resonans og eksistensielle møte (Hartmut Rosa m.fl).
-
Bibelstudium om mysteriet. Og litt om nåde vs rettferd.
-
Utfordringsbildet for 2025 (frå kyrkjemøtet)
-
Nytt opplegg: Tusenvis (Norsk kirkesang)
-
Nytt opplegg: Lederlab Leiarkurs for 10-14 åringar (Søndagsskulen)
-
Om labyrint og labyrintvandring
-
Katekismetenking? 500-årsjubileum i 2029 for Luthers katekisme
-
Utekirke
-
Bibelsporet (aktuelt med kurs i Bjørgvin)
-
Gudsrikeleiken
Det viktigaste med fagdagane er å møtast – og å lære av kvarandre.
VEL MØTT!
