Korleis kommunisere påske

Praktisk informasjon

Frå:20.2.2025 - kl.10.00

Til:20.2.2025 - kl.11.30

Stad:på Teams

Arrangør:Bjørgvin bispedømekontor

Teamsmøte for alle interesserte.

Korleis kommuniserer vi påska i kyrkjelyden?

Fastetida og påsketid viser seg på ulike måtar i kyrkjelydane, både med det liturgiske preget på gudstenestene og i kva som blir arrangert av konsertar, temakveldar og andre smlingar.  Men korleis kommuniserer vi fastetida og påska i kyrkjebladet, på nettsidene, i sosiale medium, på plakatar osv?

Vi inviterer til ein samtale om dette der vi kan dele planar og idear - til inspirasjon, eller spørsmål - til felles opplysning.

Vi går også gjennom denne ressursen, saman med ein medarbeidar frå Kyrkjerådet si informasjonsavdeling: Påske - kommunikasjon - Ressursbanken, Den norske kirke (den er frå 2023, men er like aktuell).

Dersom tidspunktet passar dårleg, kan vi forsøke å finne ei tid det passar med eit ekstra teamsmøte.

Alle interesserte er velkomne til å vera med.

For lenke til teamsmøte, sjå nedst på sida. 

 

Korleis kommunisere påske