Det er krevjande tider i verda. Vi står i fleire kriser samstundes. Nokre av dei får mykje merksemd, andre store kriser blir nærast gløymde. Medan den urovekkjande utviklinga i Libanon dominerer i media, breier hungersnauden om seg i Sudan. Landet har vore råka av krigsherjingar i halvtanna år, og situasjonen mellom dei krigførande partane verkar fastlåst.
Ikkje for seint å be
På møtet 30. september vedtok bispedømerådet ei oppfordring til kyrkjelydane om å be for Midtausten og Sudan. Kirkens Nødhjelp, kyrkjene i Noreg sin organisasjon for internasjonal diakoni, er til stades i Libanon, Gaza og Sudan, og jobbar hardt for å kome fram til dei som er hardast råka. Dei sende ei oppmoding til kyrkjelydane i Noreg om forbøn og offer 29. september, og mange kyrkjer tok utfordringa. Til dei andre kyrkjene seier biskop Ragnhild: - Det er ikkje for seint å be!
Forbøn
Gud, vi ropar til deg i vår naud!
Vi ber for sivilbefolkninga i Midtausten.
Vi ber for alle som er råka i Sudan i den fastlåste krigssituasjonen, alle som svelt, som saknar sine og står utan ein heim. Gud, du ser.
Vern om dei sårbare. Gi håp der fortvilinga er sterkast, gi mot og tryggleik til å gå vidare og kjempe for fridom og fred, gi styrke til aldri å gi opp.
Vi ber for Kirkens Nødhjelp og alle andre som er til stades med hjelp. Ver nær dei som bidreg til at menneske blir sette og får mat og vatn, og som jobbar under vanskelege tilhøve.
Hjelp oss å dele våre ressursar, til å forplikte oss til kjærleik og medkjensle, og til å kjenne att Guds andlet hos kvart einaste menneske som lid.
Amen