Etter at Jesus triumferte over døden i påska, var han blant oss i førti dagar. Men kva skjedde så? Korleis fór han opp til himmelen, og kjem han tilbake?
I denne episoden av "Benedicte og biskopen" snakkar Benedicte og Ragnhild om den tidlege kyrkja. Dei utforskar kva læresveinane gjorde etter at dei fekk Den heilage ande, og kva det betyr for oss i dag. Bli med oss og høyr også kvifor pinsa blir rekna som kyrkja sin fødselsdag.
Lytt til episoden no og del dine tankar med oss. Sjå lenke til podcasten og e-postadresse nedanfor. Kontakt oss viss du har kommentarar, spørsmål eller forslag til tema for seinare episodar.
Dette er episode tre i podcastserien Benedicte og biskopen.