Biskopens nyttårsmottaking

Biskop Ragnhild Jepsen inviterte den 16. januar til nyttårsmottaking i Bergen domkirke. Godt over 150 frammøtte fekk høyra biskopen sitt syn på året som har gått og tankar om året som kjem.

Biskopens nyttårsmottaking opnar med ei uformell mingling i sideskipet i domkyrkja.

Biskopen starta med å sjå tilbake på Verdiåret 2024 med jubileum for både kristenretten 1000 år og Magnus Lagabøte si landslov 750 år. Ho viste særleg til verdiane som har blitt kjende som dei fire guddomlege søstrene; Miskunn, sanning, rettferd og fred. – Desse må vi ikkje legge bak oss, men ta med oss vidare, sa biskopen som i 2025 særleg vil halde fram Miskunn.

 Moro og meiningsfullt

Den relativt ferske biskopen synest det er både moro og meiningsfullt å vera biskop i Bjørgvin. Ho set stor pris på å møta kyrkjelydar og medarbeidarar, men også representantar for kommunane, skular, arbeidsliv og frivillige.

I ei tid med til dels nedgang i talet på kyrkjeleg engasjement, kunne biskopen likevel minne om mykje positivt: Ein ny rapport slår fast at Den norske kyrkja sin kulturproduksjon gjennom eitt år, genererer verdiar for 4,3 milliardar kroner. Ho har også fått høyre om god deltaking i gudstenester og viste bl.a. til at prostane melder om auke i oppmøte på julegudstenestene i 2024.

Biskopen har fått vigsla ei ny kyrkje i Sædalen og vore med på gjenopninga av Korskirken i Bergen som framstår i ny prakt. Den er base for noko av Kirkens bymisjon sitt utoverretta arbeid, noko biskopen meiner er i tråd med Jesu ord om å vere sin nestes bror og gå den ekstra mila med den som har det vanskeleg.  – Korskirken inviterer inn til skjønnhet og varme, for det treng vi alle. Her er den gratis og tilgjengeleg. Det er også eit sant uttrykk for Guds kyrkje på jorda –at den er der for oss alle, til alle tider av livet. Det er ein raushet i Bergen som gjev seg uttrykk i at ei av dei eldste og største kyrkjene i byen skal brukast på denne måten, sa biskopen.

Samstundes er ho merksam på krevjande arbeid med å forvalta kyrkjebygg i kommunar der bygga er mange, men der det er langt mellom folk. Ho gler seg over det nye kyrkjebevaringsfondet som varslar ei ny tid når det gjeld finansiering av kyrkjene. – Eg trur at eit samfunn som tek vare på sine bygg, også ivaretek sine verdiar på ein måte som er til gagn for menneska som bur der; som gjer synleg at det immaterielle vi verdset og vedkjenner, også treng fysiske rammer og syn for dei som har vore her før oss, sa biskopen.

Kyrkja skal uttala seg politisk

Biskopen var også innom årets 80-årsjubileum for frigjeringa etter 2. verdskrigen. Det skal feirast i ei tid då vi ikkje lenger kan ta fridomen for gitt. – I ei tid der vi opplever auka frontar mellom statar og folk, er det viktig at vi arbeider med våre haldningar og er medvitne om kva vi står fram med. Eg meiner at kyrkja skal vere tydeleg i sine uttaler også i politiske spørsmål, Men det må alltid gjerast med utgangspunkt i menneskeverdet og den ukrenkelege verdien alle menneske er skapte med.

Kyrkja høyrer med i beredskapen

– Den norske kyrkja har eit nettverk av uvurderleg verdi i møte med kriser i samfunnet, både lokalt og nasjonalt, sa biskopen som viste til at regjeringa nyleg la fram Totalberedskapsmeldinga, ei melding som stakar ut kursen for å styrke den sivile motstandskrafta og Noregs totalberedskap. – Kyrkja er ikkje spesifikt nemnt i meldinga, det det kunne den godt ha vore, sa biskopen som trass dette kjenner at kyrkja blir rekna med.

Ho nytta høvet til å takka Statsforvaltaren i Vestland  for at kyrkja er med både regionalt og lokalt som ein ressurs i krisearbeidet.

Nåde i ei nådelaus verd

Biskopen avslutta talen sin med å peika på at vi rår over ein beredskap som går ut over den som er omtalt i vanlege beredskapsplanar. – Miskunn er også ein beredskap vi må ha – ein menneskeleg og fellesskapleg beredskap. For vi veit aldri når den trengs; vi veit ikkje når vår neste treng miskunn, eller når vi sjølv treng det. Eit anna ord for miskunn kan vere nåde. I ei verd som kan opplevast som nådelaus, må nåde og sanning ha gode kår. Det er verdiar kyrkja ikkje er åleine om å fremme eller har hevd på. Men som vi alle må stå saman om. Må Gud velsigne oss alle på den vegen, sa biskopen.

Kulturredaktøren om flotte menneske og mystisk miskunn

Kulturredaktør i BT, Jens Kihl, hadde fått i oppdrag å gje respons på biskopen sin tale.

Han var innom både kristenretten og dei guddommelege søstrene, og han sa seg samd med biskopen i at opninga av Korskirken var ein god ting. – Det er eit flott bygg, og menneska som er i og rundt det, er minst like flotte. Kvar einaste ein. For sjølv ikkje det vakraste kyrkjebygg kan måle seg det det vakre våre medmenneske representerer. Det er vårt ansvar å vise dette i praksis, sa Kihl og la til: – Sjølvsagt skal vi dele det finaste vi har med dei som treng det mest. Ein slik moral meiner eg å ha lese i ei bok som nok mange av dykk har bladd i. De veit, den boka som manglar forfattarnamn på omslaget.

Biskopen signaliserte at Miskunn var ein favoritt av dei fire guddommelege systrene, men kulturredaktøren sa at han ikkje har fått heilt tak på henne: – For meg er ho framleis mystisk, mykje meir mystisk enn dei tre andre, sanning, rettferd og fred. Dei tre er så absolutte: Vi veit når noko er sant, når noko er rettferdig eller når det er fred. Men korleis gjenkjenner vi sann miskunn? Vi kan sjå henne i eit blaff i menneskemylderet, eller kanskje passere henne på gata. Og når vi snur oss for å sjå éin gong til, er ho borte. Miskunn – ho går sine eigne vegar.

Eg veit i alle fall dette: Det er ikkje for mykje miskunn som pregar det samfunnet vi lever i i dag. Eg lovar å seie frå når det er nok miskunn! Inntil vidare trur eg det finst ei sterk og viktig samfunnsrolle å ta her. Den institusjonen som vågar å gje miskunn til alle i våre samfunn, vil vere viktig i minst tusen og eitt år til, sa Jens Kihl.

Rikhaldig program

Mottakinga vart opna av bispedømerådsleiar Oddny Miljeteig. Leiar av Den norske kyrkja sitt ungdomsutval, Elise Skjærven Aas, kom med utfordringar frå ungdomen. Skodespelar Ragnhild M. Gudbrandsen las «Nåde» av Jon Fosse og barne- og familieminister Kjersti Toppe helt ein liten takketale. Innimellom var det korsang av Bergen Domkirkes Jentekor, under leiing av dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid. Alle frammøtte fekk synga saman under leiing av domkantor Kjetil Almenning, medan domkantor Sigurd Melvær Øgaard sette eit kraftig punktum med eit postludium på orgelet.

Nede på sida finn du manus til nokre av talane. Bilete frå samlinga vil kome seinare.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"