Ti år, 35.000 dugnadstimar og 9.500.000 kroner

I år feirar Sveio kyrkjelyd at Gjenbruksløa er ti år. Bruktbutikken like ved E39 har gitt kyrkjelyden eit heilt nytt og funksjonelt soknehus, og no er det planar om midlar til diakon.

Gjenbruksløa i Førde i Sveio er ti år i 2024

Sveio kyrkjelyd ønska å byggje eit soknehus ved Sveio kyrkje, og til det trengde dei midlar. Etter at prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen, hinta om at dei i Etne sokn tena pengar på ein gjenbruksbutikk, kom sokneprest Arild Steinsland med ideen om å gjere ei løe i Førde om til Gjenbruksløa. Dagleg leiar Per Bjørn Habbestad, fortel at Selskapet Sveio Gjenbruksbutikk vart stifta 15. juli 2014 og halvannan månad seinare, 30. august kunne dei opne butikken. 

Dagleg leiar i Gjenbruksløa Per Bjørn Habbestad
Dagleg leiar Per Bjørn Habbestad i Gjenbruksløa i Sveio.

- Vi samla 70 dugnadsarbeidarar som vaska, tømra, høgtrykkspylte, snikra, sette opp hyller, pynta, stilte ut og ja. På opningsdagen selde vi for 61.445,- kroner. Den rekorden står framleis, for å seie det slik.

- Kva råd vil du gi til andre som kan tenke seg å opne gjenbruksbutikk?

- Plasser den godt synleg like ved E39, ler Habbestad. 
- Neida, men det var viktig for oss at vi ikkje skulle ha ein butikk som berre betjente Sveio, men som og var for reisande på vegen mellom Bergen og Stavanger. Elles vil eg trekke fram Facebook som særs virkningsfullt for oss. Facebook var nytt for meg då vi starta, men eg fekk tips om at det var viktig å vere til stades der. No er Facebook vår einaste marknadskanal. Kvar veke legg vi ut bilete av ting ein kan kjøpe, og folk står i kø for å få tak i dei ulike tinga når vi opnar.

- De har berre ope fredag ettermiddag og på laurdagar. Kvifor det?

- Det var rett og slett eit produkt av at vi som sette i gang dette, var yrkesaktive, og at vi dermed ikkje kunne jobbe her på dagtid. Eg var litt rundt og såg korleis ein dreiv bruktbutikkar rundt om, og då var eg mellom anna i Uddevalla i Sverige. Der var det ein butikk som hadde akkurat dei opningstidene. Det var veldig bra, for då kunne ein betjene butikken med yrkesaktive folk og pensjonistar i foreining.

Det er imponerande tal Habbestad kan dele frå Gjenbruksløa. På ti år har dei omsett for ni og ein halv million kroner, noko som har gitt eit overskot på over åtte millionar. Av dette er over sju millionar overført til det nye soknehuset. Det som kom inn på opningsdagen, ga økonomisk fundament for at ein kunne ta opp det lånet som trengdes for å realisere soknehuset i Sveio. Det første spadetaket på soknehuset kunne ein ta i juni 2016, og eit halvt år seinare stod huset ferdig. Ein har rekna ut at dei frivillige som har gjort løa klar til bruk og jobba i butikken, har stått for 35.000 dugnadstimar i løpet av desse åra.

No er planane vidare å bruke midlar frå Gjenbruksløa til å skaffe ein diakonstiling i Sveio. Her vil ein finansiere halve stillinga med pengar frå Gjenbruksløa om Sveio kommune vil ta den andre halvdelen av dette. Også eit misjonsprosjekt får støtte frå inntektene frå bruktbutikken.

Tiårsfeiringa av Gjenbruksløa vart markert under bispevisitasen i Sveio. Det kan du lese meir om her: Bispevisitas i Sveio september 2024

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"