Kyrkjeklokkene ringer for dei lidande i Gaza

Torsdag 7. august kl 15 ringer kyrkjeklokkene frå landets domkyrkjer, og andre kyrkjer også, for alle som lid i den ufattelege krigen på Gaza. Biskopane i Den norske kyrkja har teke initiativet til denne markeringa fordi den humanitære situasjonen på Gaza er så heilt forferdeleg - for borna, for dei som ikkje ser vona for morgondagen, for gislane som er tekne til fange. I Bjørgvin vil klokkene ringa frå omlag 100 kyrkjer.

Publisert:

Kyrkjeklokkene kallar inn til bøn for dei lidande i Gaza 7. august kl. 15 i omlag 100 kyrkjer i Bjørgvin og mange kyrkjer i heile landet. Foto frå Søreide kirke i Bergen.
Kyrkjeklokkene kallar inn til bøn for dei lidande i Gaza 7. august kl. 15 i omlag 100 kyrkjer i Bjørgvin og mange kyrkjer i heile landet. Foto frå Søreide kirke i Bergen.

Biskop Ragnhild har skrive følgjande på sin facebook:

- Å ringe med kyrkjeklokkene utanom til gudstenester og kyrkjelege handlingar er ei heilt ekstraordinær hending. Men vi må ty til dette verkemiddelet no. For verda er vitne til ei humanitær tragedie som vi mest kjenner oss makteslause overfor, men som vi ikkje kan la vere å ta inn over oss. Difor vert klokkeringinga også følgt av våre bøner til Gud om å vere med dei lidande, om rettferd, om hjelp og om forsoning og von for morgondagen.

I denne tida kan vi til dømes be denne bøna:

Miskunnsame Gud, 
Du høyrer vår klage og kjenner nauda hjå menneska. 
Vi ropar til deg for alle som lid i den grusomme krigen på Gaza.
Vi ber for dei som fryktar for livet. For alle som har mista familiemedlemer og som sørgjer over sine kjære. For dei som er råka av hungersnaud og som manglar det dei trengt for å leve. Vi ber for alle som er drivne på flukt, og minnes dei som er drepne. 
Lenge har vi bedt, og vi spør: Kor lenge, Herre, kor lenge må dei og vi vente?
Livsens Gud, du vil forsoning og fred. Gje visdom og vilje til dei som kan skape ein rettferdig fred, slik at livet igjen kan vekse fram i byar og landsbyar som dødens krefter har lagt øyde.  
Kyrie Eleison - Herre, miskunne deg!

Jesus Kristus, 
Bornas forsvarar og ven med dei fattige.
Høyr vår bøn for borna som veks opp med bomber og naud omkring seg. 
Vi ber om at ei strime av von og glede kan kome til dei. 
Vi ber for foreldra som makteslause ser borna sine døy. 
Og vi ber så inderleg om at hjelpa må nå fram til alle som er i naud.
Vi ber for dei som leitar etter trygge stader der dei kan søke ly. 
Gje klokskap og kraft til dei som arbeider på sjukehusa og til alle som tek i mot flyktningar.
Kyrie Eleison - Herre, miskunne deg!

Heilage Ande,
Livgjevar og Trøystar i liv og død, og som viser oss kva som er sant og rett.
Vi let kyrkjeklokkene ringe for å vekke oss til stadig bøn og ansvar for dei som lid som følgje av krigen og uretten. Gje vilje og evne til å verne om alle menneske sitt menneskeverd og grunnleggjande menneskerettar.
Lei oss på den vegen som fører til liv, fred og von.
Gud, vi ber:
Kyrie Eleison - Herre, miskunne deg!
 

Desse kyrkjene er med

Det er stor oppslutnad frå alle kantar av bispedømet og mange kyrkjer har meldt inn at dei vil delta. Lista nedanfor er med atterhald om at den er ufullstendig. Det er ferietid og vi har ikkje oversikt over alle som deltar, men vi reknar med at det er fleire enn dei som til no har meldt inn at dei skal ringa.

Fleire kyrkjer vil vera opne for bøn og lystenning, men ein står fritt til korleis ein vil gjera det ut frå lokale ressursar i ferietida.

Åsane prosti
Åsane kirke
Arna kyrkje 
Ytre Arna kyrkje
Eidsvåg kirke
Biskopshavn kirke
Salhus kirke
Hamre, Hosanger, Haus, Bruvik og Gjerstad kyrkjer på Osterøy 

Domprostiet
Bergen domkirke – open kyrkje 15-16
Mariakirken
Johanneskirken
Nykirken
St.Jakob kirke
Korskirken
Sandviken kirke
Laksevåg kirke
Nygård kirke
Olsvik kirke
Loddefjord kirke

Fana prosti
Fana kyrkje
Skjold kirke – open kyrkje 15-16
Søreide kirke  – open kyrkje 15 -15.30
Birkeland kirke  – open kyrkje 15-16
Sædalen kirke  – open kyrkje 15-16
Austevoll kyrkje 
Os kyrkje – open kyrkje

Bergensdalen prosti
Sælen kirke
Slettebakken kirke
Landås kirke
Solheim kirke

Vesthordland prosti
Foldnes kyrkje i Øygarden – open kyrkje
Erdal kirke på Askøy – open kyrkje

Nordhordland prosti 
Brekke og Gulen kyrkjer i Gulen

Sunnhordland prosti
Bremnes, Bømlo, Lykling og Moster kyrkjer i Bømlo
Etne og Skånevik kyrkjer i Etne
Fitjar kyrkje
Husnes kyrkje i Kvinnherad
Stord kyrkje
Sveio, Førde, Valestrand kyrkjer og Eikeland kapell, og Valen kapell i Sveio
Tysnes og Rekstern kyrkjer i Tysnes

Hardanger og Voss prosti
Dale kyrkje i Vaksdal
Norheimsund, Vikøy, Øystese, Ålvik og Strandebarm kyrkjer i Kvam.
Røldal, Skare, Jondal, Utne, Kinsarvik, Ullensvang, Tyssedal og Odda kyrkjer i Ullensvang.

Sogn prosti
Vik kyrkje 
Farnes og Årdal kyrkjer i Årdal  – open kyrkje
Ølmheim kyrkje i Sogndal
Stedje kyrkje i Sogndal – open kyrkje
Hauge kyrkje  i Lærdal  – open kyrkje 14.30-15.30
Flåm og Bakka kyrkjer i Aurland
Vangen kyrkje i Aurland – open kyrkje

Sunnfjord prosti
Hyllestad kyrkje
Høyanger, Kyrkjebø, Lavik, Bjordal og Ortnevik kyrkjer i Høyanger:
Førde og Naustdal kyrkjer i Sunnfjord
Florø, Eikefjord og Stavang kyrkjer, Askrova bedehuskapell og Svanøy gravplassklokke i Kinn
Dale kyrkje i Fjaler  – open kyrkje
Askvoll kyrkje  – open kyrkje 14.55-15.30

Nordfjord prosti
Sør-Vågsøy kyrkje i Kinn
Davik kyrkje i Bremanger
Sandane, Breim og Hyen kyrkjer i Gloppen

Sjå også lenke til biskopane sin uttale nedst på sida. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"