Dette er den tredje konferansen i sitt slag, og den rettar seg mot kyrkjer og organisasjonar som er engasjerte i å møta menneske på flukt på ein god måte. På programmet står innlegg om bl.a.
- Fleirkulturelle utfordringar i nordiske kyrkjer
- Opplæring av frivillige
- Korleis gå frå "kvite" kyrkjer til fleirkulturelle kyrkjer
- Korleis byggje opp eit system liknande Welcome Churches?
- Det blir forteljingar frå ulike stader om det arbeidet dei held på med og det blir ein bolk med ulike seminar.
Av omsyn til deltakarar frå bl.a. Finland og Island, er konferansespråket engelsk.
Kyrkjelydane i Alver er blant intiativtakarane til dei nordiske konferansane. Kyrkjeverje John Fredrik Wallace fortel at kyrkjelydane i Alver driv eit aktivt integreringsarbeid, no er det faste aktivitetar i fire av dei fem sokna. Noko av arbeidet starta for mange år sidan, mens anna er av nyare dato. – Vi har språk- og kulturkafear, arbeid på flyktningmottak og fellessamlingar mellom alle sokna, seier Wallace.
Støtte frå EU
– Vår store aktivitet rundt dette heng saman med vår deltaking i det europeiske programmet Erasmus+. Alver KF er som einste kyrkje i Noreg akkreditert Erasmus+ institusjon innanfor integrering og vaksne si læring. Gjennom såkalla jobb-skygging til kyrkjelydar i fleire land, og deltaking på internasjonale kurs/konferansar, har vi bygd opp eit nordisk nettverk av aktive kyrkjer og organisasjonar innanfor integrering, seier kyrkjeverja i Alver som håpar på mange deltakarar frå alle nordiske land på konferansen.
For informasjon og påmelding til konferansen, sjå lenke nedst på sida.