Sjå temakveld om rett og rettferd med Paul Otto Brunstad

Rett og rettferd var tema då professor Paul Otto Brunstad var gjest på temakveld med biskop Ragnhild. Her kan du sjå opptak av føredrag og samtale mellom dei to.

Foto: Bjarte Nese

I heile jubileumsåret 2024 har Biskop Ragnhild invitert til temakveldar i Bergen domkirke. Her har ulike gjestar snakka om tema knytt til "Dei guddommelege søstrene" eller "Guds fire døtre" om du vil, Rettferd, Fred, Miskunn og Sanning. Dette var sentrale dyder i Magnus Lagabøte si landslov, og er difor lyfta fram når vi feirer 750 årsjubileum av denne.

Nedst på sida finn du lenker til opptak av tidlegare temakveldar. 

– Rettferd er kanskje den vanskelegaste av desse søstrene, sa biskop Ragnhild innleiingsvis, og professoren sa seg einig.

Rett og rettferd er temaet, og eg går med nokre undrande steg inn i mitt eige foredrag, og eg er veldig spent på kvar eg sjølv kjem til å lande.

Korleis det gjekk og kvar han landa, kan du sjå i opptaket under. 

 

Temakveld om fred 21. november

Den siste av årets temakveldar kjem torsdag 21. november klokka 19.00. Då er det dottera Fred som står sentralt, med overskrifta "Peace - Cross of Nails". Denne samlinga er på engelsk med gjestane Lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve og Dean of Coventry - The Very Reverend John Witcombe. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"