Kveldsretreat
onsdagar kl. 18-21:
- 22. april
- (Eit tidlegare tillyst retreat i mai er avlyst pga oppussing på Søsterhjemmet)
På kveldsretreata startar det med opning og impuls i kapellet og held fram med stille måltid, ein bibelmeditasjon, bønnevandring og enkel gudsteneste med nattverd i kapellet. Høve til samtale. 50 kroner for maten. Det er ikkje nødvendig med påmelding.
Praktisk informasjon
Søsterhjemmet, Ulriksdal 8. Gå under bogen i sørenden av Haraldsplass Diakonale Sykehus. Ta første dør på venstre side.
For retreat andre stader i landet, sjå www.retreater.no
Retreat er noko for deg som ønskjer:
- ein nærmare relasjon til Gud
- impulsar i ditt bøneliv
- samanheng mellom kvardagslivet og trua
