I miniserien "Hendelsen som forandret Norge" intervjuar Haavik ei rekkje fagfolk om innføringa av kristenretten på Moster for 1000 år sidan og kva konsekvensar dette hadde bl.a. våre verdiar og menneskesyn, demokrati og rettssystem.
Serien har tre episodar og blant gjestene er myteknusar Bjørn Are Davidsen, sosiolog og programleiar Harald Eia, forfattar Ole Petter Erlandsen, arkeolog Ellen Grav, menneskerettsadvokat Geir Lippestad, tidlegare ordførar i Oslo Fabian Stang og professor Jørn Øyrehagen Sunde. Dei tre episodane blir lanserte i slutten av januar og byrjinga av februar 2024, og du vil då finne episodane på denne sida.
Serien er leken, lett og forståeleg for ei ung målgruppe. Thor Haavik utforskar utviklinga av demokratiet og rettsstaten Norge, og studerer kva innflyting kristendomen har hatt på vestleg sivilisasjon. Han er innom viktige historiske plassar, møter norske og internasjonale ekspertar, og tematiserer alt frå kunst og musikk, til historie og sosiologi.
Serien er produsert av TV Inter, i samarbeid med Tro og Medier, og er finansiert av Kirkerådet og Bjørgvin bispedøme.
Vi håpar serien vil skape engasjement rundt jubileet og tematikken knytta til Moster 2024 og kristenretten.
Det finst opplegg knytta til filmserien for skule, kyrkje/trusopplæring/konfirmantar og opplegg for vaksne i kyrkjelydane. Sjå lenke nederst på sida.
Episode 1
Episode 2
Episode 3