Dette var andre gong Sælen kyrkje hadde visitas frå ein biskop. Kyrkja ligg ved Varden i Fyllingsdalen og er blant dei nyaste i bispedømet, innvia i 2001.
Biskopen sine utfordringar til Sælen menighet:
- Gå til gudsteneste regelmessig, både for dykkar eigen del og for å gje Gud ære. Og prøv ut nye gudstenesteformer i samarbeid i prostiet.
- De har flotte ungdomsleiarar, sats langsiktig på ungdomsarbeidet og ungdomsleiaropplæring. Sjå om det er nyttig å knytte seg nærare ein organisasjon.
- Lag strategi. Vel ut ein eller høgst to ting som de vil satse på, og arbeid langsiktig med det.
- Ver frimodige og sjå kyrkjelyden som ein viktig aktør i lokalsamfunnet i Sælen og Fyllingsdalen. Tenk samarbeid og samhandling med andre, både innanfor kultur, samfunnsliv, oppvekst, og helse.
Det ligg lenke til visitasføredraget nedst på denne sida.