- Ei kyrkje med gode relasjonar

Biskop Ragnhild var på visitas i Sveio i Sunnhordland 11.-15. september 2024. Her kan du lese visitasforedraget og sjå opptak av preika i visitasgudstenesta.

Prosesjon frå Sveio kyrkje

På siste dag av bispevisitasen på Sveio, trakk biskop Ragnhild mellom anna fram dei gode relasjonane kyrkja har til sine omgivnader i visitasforedraget:

- Noko eg særleg tar med meg frå desse dagane, er alle dei gode relasjonane de har til samarbeidspartnarane, til kulturen, til lag og organisasjonar, til skulane, til kommunen, til helse og omsorgssektoren. Ja, eg vil seie at Sveio på ein førebiletleg måte syner korleis eit lokalsamfunn må vere tufta på samhandling og gode relasjonar mellom oss for å vere ein god stad å bu.

(Du finn lenker til å høyre og/eller lese heile visitasforedraget nedst på sida).

Travle dagar

Biskop Ragnhild fekk vere med på mange møtestader i dagane ho vitja Sveio. Etter møte med staben i Sveio kyrkje i samtalar, gudsteneste og lunsj, var det bedriftsbesøk hjå Birkeland entreprenør. Dette er den største arbeidsgjevaren utanom kommunen i Sveio. Her fekk biskopen gode møte om helse, miljø og tryggleik og kor viktig det er å ha stabile arbeidsplassar i kommunen. Høgdepunktet var kan hende at biskopen sjølv fekk styre ein hjullastar.

Biskop Ragnhild køyrer hjullastar

Ved Ryvarden fyr vitja biskopen og følget minnesmerket etter Sleipnerulukka i 1999. Der mista 16 menneske livet då hurtigbåten Sleipner gjekk på grunn like utanfor. Ryvarden fyr er og ein av stadene som er godkjend for utandørs vigsel.

Kulturbygda Valestrand

Valestrand kallar seg kulturbygda Valestrand, og er ei bygd med mange kulturaktørar innan fleire kulturformer. Det var her komponisten Fartein Valen (1887-1952) budde i siste del av livet, og det var her han komponerte sine største verk. Biskopen og følget fekk omvising i komponistheimen Valenheimen av Fartein Valens etterkomar Fartein Valen-Sendstad.

Valen-Sendstad var og ein av dei som var på scenen på kulturkveld i Valestrand kulturkyrkje same kveld. I år kan ein feire at det er tjue år sidan denne kyrkja lengst nord i kommunen vart gjort om til kulturkyrkje. I tillegg til om lag 15 gudstenester i året, vert kyrkja nytta til konsertar og andre kulturelle aktivitetar. Denne kvelden fekk publikum høyre forfattarane Einar Økland og Agnes Ravatn lese eigne tekstar, korsong frå Valestrand mannskor, sjå innslag frå improteatergruppa TeARTig, performance-kunst frå Sigmund Skard og høyre klassisk musikk på orgel frå kantor Alie Hamberg.Aktørar på kulturkveld i Valestrand kulturkyrkje

 

Prostidag

Dagen etter var det møte med ordførar og rådmann på kommunehuset, før det var prostidag for heile Sunnhordland prosti. Prostiet har ein god tradisjon med årlege samlingar for alle kyrkjeleg tilsette. Biskopen har planar om at slike samlingar for heile prostia vil vere ein del av framtidige bispevisitasar. Alle sokneråda i Sunnhordland var og inviterte til middag, ei samling om mål og strategi og til gudsteneste i Sveio kyrkje.

Skulebesøk og gjenbruk

Alle elevane frå 1. til 10. trinn på Sveio skule fekk møte biskopen på fredagen. I fire puljar kom dei til auditoriet på skulen, der dei fekk høyre biskopen fortelje om kva ein biskop eigentleg er, og dei fekk stille dei spørsmåla dei lurte på. Etterpå var det lunsj på personalrommet på skulen, der det var samtale om skule- kyrkjesamarbeid.

Biskop Ragnhild snakkar til elevar på Sveio skule Biskop Ragnhild i samtale med lærarar på Sveio skule

Eit anna jubileum i Sveio kyrkjelyd i år, er tiårsmarkeringa av Gjenbruksløa. Denne bruktbutikken like ved E39 mellom Stavanger og Bergen har i løpet av desse ti åra hatt ein omsetjing på ni og ein halv million kroner. Dermed er det nye soknehuset i Sveio nedbetalt, og ein vil vidare ha midlar til ei ny diakonstilling – så sant kommunen betaler sin del av dette. Også eit misjonsprosjekt i Bangladesh får støtte frå midlane frå Gjenbruksløa. Biskop Ragnhild fekk vere med på feiringa av Gjenbruksløa, der det var helsingar frå kommunen, frå idéhavar sokneprest Arild Steinsland, idéplantar prost Svein Arne Theodorsen, dagleg leiar Per Bjørn Habbestad og biskopen sjølv.

Biskop Ragnhild i bruktbutikken Gjenbruksløa i Sveio

Visitasgudsteneste og visitasforedrag

Søndag var det duka for gudsteneste i Sveio kyrkje, der Sveio barnekor var blant deltakarane. Biskopen si preike kan du sjå like nedanfor her. Du kan og lese og/eller høyre visitasforedraget ho held under kyrkjekaffien i soknehuset like etterpå ved å trykke på lenkene lenger nede på sida.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"