I Jesu namn, med ei viss frykt

- I Jesu namn startar vi året også med eit ærleg sinn, med ei viss frykt for alt det som dei mange herrar i denne verda kan stelle til i året som kjem.

Generalsekretær i Kirkenes verdensråd Olav Fykse Tveit heldt preika under gudstenesta i Ås kyrkje 1. januar. Her saman med prost Hege Fagermoen og diakon Atle Eikeland (til venstre). Foto: Linda Janson-Haddal/Ås kyrkje.

- Men vi gjer det også med tillit til at det er mogeleg å finne vegar framover som gjer denne verda ein betre heim for oss alle.

Det sa generalsekretæren i Kirkenes verdensråd, Olav Fykse Tveit som var predikant i si heimekyrkje på Ås under gudstjenesta 1. januar. Han knytta dagens evangelium på Jesu namnedag saman med kyrkja sitt globale ansvar for fred og rettferd:

- Kyrkja trur på den tenande og nærverande Jesus som Herre, som utfordrar alle med makt til å bruke den til det felles beste. Ein kan ikkje vere ansvarleg leiar og prøve å ta bort frykt ved å skape meir frykt.  Vårt kall er å skape håp, rettferd og fred. Det er det menneske i Syria treng, det er det alle treng, sa Olav Fykse Tveit.

Han nemnda og den aktuelle endringa i tilhøvet kyrkja-stat her i landet:

- Dette kunne vore dagen å seie at «no er kyrkja herre i eige hus». Dette er nettopp dagen å ikkje seie det. For kyrkja har berre èin herre, Jesus Kristus.

Eg trur at Jesus har vore herre i mi kyrkje også før denne dagen. Det betyr ikkje at det ikkje kan vere tid for endring. No er det eit nytt og gyldent høve til å tenke gjennom kva det inneber at Den norske kyrkja har Jesus som Herre. Kyrkja kan og må vise at denne endringa skal tene både medlemene i kyrkja og lokalsamfunnet, nasjonen og menneskeætta på den beste måte. Kyrkja er til for menneska som treng det kyrkja er kalt til å vere. Jesus som Herre vil stadig utfordre oss, han som viste at det er nettopp ved å tene andre og dei som treng det mest at ein oppfyller Guds vilje, sa Fykse Tveit.



Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"