Folkefrelsar, til oss kom, fødd av møy i armodsdom!Heile verdi undrast på kvi du soleis koma må.
Herrens under her me ser, ved Guds Ande dette skjer. Livsens ord frå himmerik vert i kjøt og blod oss lik.
Utan synd han boren er. Som all synd for verdi ber. Han er både Gud og mann, alle folk han frelsa kann.
Frå Gud Fader kom han her, heim til Gud hans vegar ber. Ned han fór til helheims land, upp fór til Guds høgre hand.
Du som er Gud Fader lik, ver i vanmakt sigerrik! Med din guddomsvelde kom, styrk oss i vår armodsdom.
Klårt di krubbe skina kann, ljoset nytt i natti rann, naud og natt til ende er, trui alltid ljoset ser.
Lov og takk, du Herre kjære, som til verdi komen er! Fader god og Ande blid, lov og takk til evig tid!