– Holocaust skjedde også her - kyrkja sitt ansvar å bekjempe antisemittisme kvar dag

28 jødiske medborgarar som budde i Møre og Romsdal vart myrda i utryddingsleirar under 2. verdskrigen: – Holocaustdagen 27. januar minner oss om at vi ikkje kan teie i møte med antisemittisme og all rasisme. Holocaust skjedde også her - kyrkja sitt ansvar å bekjempe antisemittisme kvar dag, seier biskop Ingeborg Midttømme.

26. november 1942 vart 529 jødar deporterte med D/S Donau og seinare sendt vidare til masseutryddingsleiren Auschwitz. Dei neste månadane vart endå fleire deporterte med andre fangetransportar. Tilsaman vart 773 norske jødar deportert, og berre 35 overlevde. I Møre og Romsdal vart 34 jødiske medborgarar deporterte, og berre 4 overlevde. Foto: Georg W. Fossum

- Det er ei utfordring og ei oppgåve for kvar einskild, for kyrkja og for samfunnet å aktivt bekjempe antisemittisme og all rasisme, hat og fordommar, understrekar biskopen. – Den årlege holocaustdagen er ei påminning for oss alle om kva tragiske konsekvensar det får når hat, fordommar og fanatisme får rå, seier biskopen.

80-årsminnet for deportasjonane og det nazistiske mordet på norske jødar blir markert gjennom heile dette året. 20. januar 1942 blei jødane i Noreg pålagt, med frist til 1. mars samme året, å få legitimasjonskorta sine stempla med ein raud «J». Og i mars 1942 blei mange jødar i Møre og Romsdal og i heile landet arresterte, og sende til fangeleirar i Noreg. 26. november 1942 blei 529 jødar deporterte med D/S Donau og seinare sendt vidare til Auschwitz. 

Mellom november 1942 og mars 1943 blei jødane deporterte med fleire fangetransportskip og sende til Auschwitz og andre utryddingsleirar. Totalt blei 773 jøder deportert frå Noreg. Berre 35 av dei overlevde.

32 jødiske medborgarar som budde i Møre og Romsdal var deporterte til utryddingsleirar - 28 vart myrda der - berre 4 overlevde.

– Holocaust var eit samanbrot for sivilisasjonen, og eit enderesultat av den århundregamle antisemittismen i Europa. Vi må erkjenne at det gjennom tidene også har hefta jødefiendtlege trekk ved den kristne kyrkja. Oppgjer med antijødiske og antisemittiske haldninger er ei stadig og varig utfordring for kyrkje og samfunn. Som kyrkje har vi eit kall til alltid å stille oss på forfølgde og utsette si side, og dette må vi snakke frimodig om og vise i praksis, seier biskopen.

– Må bekjempe antisemittisme kvar dag

Midttømme i New York.jpg

UTFORDRING: Oppgjer med antijødiske og antisemittiske haldninger er ei stadig og varig utfordring for kyrkje og samfunn, seier biskop Ingeborg Midttømme.

 

Snublesteinar

Biskop Midttømme løftar fram snublesteinane, som er lagt i fortau over heile Europa ved heimar der deporterte jødar budde, som eit konkret og synleg tiltak for å halde minnet om holocaust levande. – Desse minnesmerka må brukast i det haldningsskapande arbeidet i heim, skule og kyrkje for å auka kunnskapen og medvitet kring dei tragiske hendingane under holocaust, seier biskopen.

snublesteinar.jpeg

SNUBLESTEINAR: 34 jødar som budde i Møre og Romsdal vart deporterte til utryddingsleiren Auschwitz. 28 av desse vart myrda der. På Nesjestranda ved Molde er det lagt snublesteinar til minne om fire av desse. Slike snublesteinar er også lagt i Kristiansund og i Ålesund, til minne om jødiske familiar som budde der og som vart deporterte. (foto: Svein Magne Harnes)

 

Kyrkja og jødane

Ved 70-årsmarkeringa for deportasjonen av norske jødar til konsentrasjonsleiarane kom Bispemøtet i 2012 med ein uttale om kyrkja si ettergivande haldning i behandlinga av jødane før og under okkupasjonen.

I 2016 kom bispemøtet med uttalen «Arven fra Luther og det jødiske folk», der biskopane tar avstand frå Luther sine jødefiendtlige uttalar.

 

Bekjempe rasisme og hat

Dei tragiske hendingane under holocaust er ei oppmoding til oss alle om å stå samla mot rasisme, hat og nedtramping av menneskeverdet, seier biskop Midttømme - som viser til at slike haldningar framleis gjer seg gjeldande.

Den internasjonale holocaustdagen 27. januar 2022 i Norge

Holocaust i Norge

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"