– Den årlege holocaustdagen er ei påminning for oss alle om kva tragiske konsekvensar det får når hat, fordommar og fanatisme får rå, seier biskopen - som viser til 75-årsmarkeringa for frigjeringa av utryddingsleiren Auschwitz. Frigjeringa frå denne industrielle dødsmaskina i nazistane si «endelege løysing»; mordet på jødane i Europa – blir no markert over heile verda. I Jerusalem var verdsleiarar samla ved Yad Vashem, Israels offisielle minnesmerke for jødar som blei myrda under holocaust, for å markere dette.
– Holocaust var eit samanbrot for sivilisasjonen, og eit enderesultat av den århundregamle antisemittismen i Europa. Vi må erkjenne at det gjennom tidene også har hefta jødefiendtlege trekk ved den kristne kyrkja. Oppgjer med antijødiske og antisemittiske haldninger er ei stadig og varig utfordring for kyrkje og samfunn. Som kyrkje har vi eit kall til alltid å stille oss på forfølgde og utsette si side, og dette må vi snakke frimodig om og vise i praksis, seier biskopen.
UTFORDRING: Oppgjer med antijødiske og antisemittiske haldninger er ei stadig og varig utfordring for kyrkje og samfunn, seier biskop Ingeborg Midttømme.
Snublesteinar
Biskop Midttømme løftar fram snublesteinane, som er lagt i fortau over heile Europa ved heimar der deporterte jødar budde, som eit konkret og synleg tiltak for å halde minnet om holocaust levande. – Desse minnesmerka må brukast i det haldningsskapande arbeidet i heim, skule og kyrkje for å auka kunnskapen og medvitet kring dei tragiske hendingane under holocaust, seier biskopen.
Kyrkja og jødane
Ved 70-årsmarkeringa for deportasjonen av norske jødar til konsentrasjonsleiarane kom Bispemøtet i 2012 med ein uttale om kyrkja si ettergivande haldning i behandlinga av jødane før og under okkupasjonen.
I 2016 kom bispemøtet med uttalen «Arven fra Luther og det jødiske folk», der biskopane tar avstand frå Luther sine jødefiendtlige uttalar.
Bekjempe rasisme og hat
Dei tragiske hendingane under holocaust er ei oppmoding til oss alle om å stå samla mot rasisme, hat og nedtramping av menneskeverdet, seier biskop Midttømme - som viser til at slike haldningar framleis gjer seg gjeldande.