Under reformasjonsgudstenesta i Ålesund kirke 17. september løfta biskopen fram misjonsorganisasjonane sitt arbeid. Etter gudstenesta besøkte ho aksjonen «Gi jernet», der Himalaya Møre og Himalpartner har teke på seg å byggja åtte skular nær episenteret for jordskjelvet i 2015 – ei attreising som no også vert råka av flaumen i Sør-Asia.
Nåde, flaum, nestekjærleik og skaparverk
"Evangelieteksten gir oss bildet av uvær som ødelegger hus. Etter de siste ukers voldsomme ekstremvær rundt om på kloden, er det vanskelig å høre disse ordene fra Jesus uten å tenke på de over 40 millioner flom-ofrene som akkurat nå er rammet i Sør-Asia. Deres nød har blitt underkommunisert fordi herjingene i USA og Karibia har fått så stor oppmerksomhet", sa biskopen i preika.
Nåden, som er hovudoverskrifta over heile reformasjonsjubileet i år, set oss menneske fri til å handle, forklarer ho vidare, og utfordrar oss samstundes til å halda saman i trua på Jesus og i ei etterfølging som tek Gud sitt skaparverk på alvor. Ho understrekar korleis vårt forbruk gjer naturen til ei handelsvare, og kva konsekvensar det får jorda og får våre medmenneske. Men nåden utfordrar oss: Vi er Guds hender og føter på jorda. Fordi han elskar oss og har kalla oss til å elske vår neste som oss sjølve. Arbeidet i misjonsorganisasjonane i SMM løfta ho fram som eit døme på å korleis vi vert kalla til handling i møte med lidinga hos vår neste og i skaparverket.
Gi jernet
Etter festgudstenesta besøkte biskopen aksjonen til Himalaya Møre utanfor kyrkja. Aksjonen arbeider for å samle inn pengar til å bygge 8 skuler i Dhading-disktriktet i Nepal. Dette var eit av områda som vart hardast råka av jordskjelvet i 2015, og der gjenreisinga no er råka av flaumen. To år etter skjelvet er det fortsatt mange som ikkje har skikkelig tak over hovudet eller høve til skulegang.
Himalpartner, i samarbeid med United Mission to Nepal, har teke fatt i arbeidet med å bygge skulane, og Himalaya Møre, er ein regional støttegruppa for Himalpartner i Møre. Namnet på aksjonen, «Gi jernet», spelar på armeringsjern.
Etter at gjenoppbygginga starta opp igjen, var infrastrukturen viktig å få på plass for å kome til med hjelp til dei råka områda i Nepal. Men så kom flaumen i haust, som også råka eit Nepal som fortsatt forsøke å reise seg etter jordskjelvet.
Flaumen gjorde at provisoriske bruer kollapsa, og at jordras øydela stiar og provisoriske vegar.
Geir Kippenes er sentral i samarbeidet med Unite Mission to Nepal om gjenoppbygginga, og var også i Nepal då skjelvet råka.
- For meir info om misjonsorganisasjonane sin innsats i møte med flaumen i Sør-Asia:
www.himalpartner.no
www.normisjon.no
Skulen i denne landsbyen er heilt samanrast. Inntil vidare får ungane undervisning i skuret til høgre - men det heldt ikkje vinterstid. Foto: Himalpartner.no
Veg i nordre del av Dhading øydelagt av jordras. Foto: United Misison to Nepal