Bispedømerådet drøftar bispedømerådsgrenser

Overføring av Hornindal sokn til Møre bispedøme og overføring av Halsa sokn til Nidaros bispedøme er mellom sakene Møre bispedømeråd skal drøfte på sitt møte fredag 8. februar.

Stiftsdirektøren foreslår for Møre bispedømeråd at Halsa sokn blir overført til Nidaros bispedøme og at Hornindal sokn blir ein del av Møre bispedøme. Begge endringane skjer i samband med regiongrensejusteringane frå 1. januar 2020.

Les alle sakene til bispedømerådsmøtet fredag 08.02.2019

Stiftsdirektøren foreslår med dette at bispedømegrensene skal følgje dei nye regiongrensene mellom Møre og Romsdal og Vestland og mellom Møre og Romsdal og Trøndelag. Dette får også verknad for prostigrensene for  dei aktuelle områda. 

Sjølv om endringane ikkje får verknad før 1. januar 2020, foreslår stiftsdirektøren at bispedømerådet går inn for at kyrkjevalet 2019 blir gjennomført som om endring alt har skjedd.

Mellom andre saker som bispedømerådet skal behandle er:

  • Satsing på kyrkja sitt diakonale samfunnsansvar - fordeling av diakonimidlar
  • Tilsetting av sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Hareid sokn som særleg tenestestad.

  • Orienteringssaker

 

Møtet blir halde i lokala til Møre bispedømeråd fredag 8. februar og tek til kl. 10.00. Møtet er ope for alle.

 

Les alle sakene til bispedømerådsmøtet fredag 08.02.2019

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"