Kyrkjevalet 2019 - praktisk info kort oppsummert
– Kyrkja er summen av alle dei menneska som tek del. Er det noko ein vil støtte opp om – eller kanskje noko ein ikkje likar eller ønskjer å endre i kyrkja, så må ein bruke stemmeretten. Vi treng ulike stemmer og ulike meiningar nettopp fordi det skal vere rom for alle i kyrkja, seier Arvid Helle, leiar for kyrkjelivsavdelinga i Møre bispedøme.
Førehandsstemminga til kyrkjevalet er alt i gang. Ønskjer du å førehandsrøyste, kan du allereie no gje stemma di ved næraste kyrkjekontor. Eller du kan stemme samstundes med valet 8. – 9. september.
– Det viktigaste er at folk går til stemmeurnene og tek del i kyrkjevalet. Kyrkja er demokratisk organisert. Alle stemmer tel like mykje. Ved førre kyrkjeval (2015) stemte 16,7 prosent av kyrkja sine medlemmer i kyrkjevalet. Ved årets val håper vi på endå høgare oppslutnad, seier Helle.
– Kyrkja er demokratisk organisert. Alle stemmer tel like mykje.
Bruk stemmeretten din ved kyrkjevalet, oppmodar Arvid Helle,
leiar av kyrkjelivsavdelinga i Møre bispedøme.
– Mange opplever det som viktig og meiningsfylt å ta del i kyrkjefellesskapen – også gjennom valordninga. Når du deltek i kyrkjevalet gir du både støtte til dei lokale kandidatane som gjer en innsats for kyrkja der du bur, og du er med å påverke kyrkja si retning i val til Kyrkjemøtet, avsluttar Helle.
Kyrkjevalet blir halde samtidig og på same stad som kommune- og fylkestingsvalet 8. og 9. september. Alle som er over 15 år, eller fyller 15 år i 2019, og som er medlem i Den norske kyrkja kan stemme ved kyrkjevalet
For eventuelle spørsmål om valet; ta kontakt med ditt lokale kyrkjekontor.
Kyrkjevalet 2019 - praktisk info kort oppsummert