Tresfjord kyrkje betyr noko spesielt for Sigrid. Det er denne kyrkja ho høyrer til. Her har ho delteke på gudstenester og ulike trusopplæringstiltak ifrå ho var lita. For henne er kyrkjeromet ein stad å kome til i både i glede og i djup sorg; som då foreldrene hadde sin store bryllaupsdag - og den dagen ho var i gravferd til storesyster si Eirin.
Glede og sorg: Konfirmant Sigrid Rypdal Gjul har eit nært og sterkt tilhøve til Tresfjord kyrkje: Her har ho hatt fine gledesstunder og her har ho følgt storesyster Eirin til grava.
Palmesøndag var det ei glede å få bere veslesyster Eline til dåp og vere fadder for henne.
(Alle foto: Elias Storhaug)
Denne palmesøndagen er ein dag for glede. Sigrid synes det er veldig stas å vere fadder for veslesyster Eline. Ho seier: – Som fadder kjem eg til å ta med meg Eline til Tresfjord kyrkje, så ho vil kjenne seg heime her.
Sigrid forstår godt at konfirmasjonen må utsetjast til hausten, sidan det er restriksjonar på grunn av Koronasmitte. – Det var spesielt fint å kome her i dag og feire dåpsgudsteneste for oss i familien – saman med prest, klokkar, kyrkjetenar og kantor. Men akkurat konfirmasjonsdagen min har eg lyst å feire saman med slekta mi, smiler ho.
Bunaden som Sigrid bar som fadder - og som ho også skal bli konfirmert i - er ein Lierbunad: – Det er mormor som har brodert bunaden, ho gjorde det til konfirmasjonen til mamma. Slik blir tradisjonar ført vidare: – Så lenge eg kan hugse har eg visst at det er denne bunaden eg skal stå til konfirmasjon i, seier ho.