Prestane i Volda skriv dette om opplegga for dagleg bøn:
Dagane er annleis, framleis venter vi på at at det vi tenker på som "vanlege dagar" skal kome tilbake. Mange kjenner at det vert ekstra viktig å finne tid til bøn i denne tida vi er inne i."Enno er det mykje som er uvisst. Nokre kjenner på frykt, nokre på rastløyse og uro, andre har nok med å få kvardagen til å henge saman. Livet er så ulikt for oss; til vanleg, og no i denne underlege tida. Samtidig vert det så tydeleg korleis vi alle er ein del av ein stor samanheng, der vi har ansvar for kvarandre.
Mange kjenner at det vert ekstra viktig å finne tid til bøn, både for seg sjølv og sine, men også for alle som står på for andre, for dei som har leiaransvar og for menneske rundt om i verda som er truga av det same som oss.
Her kan du lese meir:
"Dagleg bøn i ei uviss tid" 19.april - 25.april 2020
"Dagleg bøn i ei uviss tid" 29.mars - 4.april 2020
"Påska 2020" 15.april - 13. april 2020
Tanken er at du kan bruke dette for dagleg bøn heime, anten åleine eller saman med dei du bur med.