Djupe kristne røter i Giske

Giskespelet viser på dramastisk vis brytningane i det norske samfunnet i vikingtid. Årets spel inkluderer ein historisk kyrkjekveld, der m.a. biskop Ingeborg Midttømme vil snakke om Kvite-Krist og vikingane. Giskekyrkja frå 1100-talet bêr i seg mykje av denne dramatiske historikken. Sjå video om Giske-kyrkja!

Djupe kristne røter i Giske

18. - 20. juni blir Giskespelet vist; ein visuell og dramatisk historietime der ein følgjer hendingane rundt Olav Haraldsson og Arnungane. I år inkluderer spel-dagane ein historisk kveld i Giske kyrkje. På denne måten ønskjer arrangørane å knytte kyrkja og Giskespelet nærare saman, for slik å kunne formidle endå meir av både den lokale og nasjonale historia. 

 

Mellomalderkyrkja på Giske vart bygd av etterkomarane til Arnungane, og under kyrkjekvelden innleier biskop Ingeborg Midttømme; Arne Sandnes ,eks-ordførar i tidlegare Norddal kommune; Arne Tunheim, historie- og arnunge-entusiast:

Olav Haraldsson, Heilag-Olav og Kvite-Krist-trua. Kva fekk hardbarka vikingar til å ofre alt for Olav og Kvite-Krist, tape alt og så likevel bli vinnarar? Og kva er det som framleis fascinerer i denne historia, 1000 år etter?

– Kristendommen setter fri, der åsatroen binder. Den kristne tro gav en annen mulighet, en verden hvor Gud gav sitt vennskap til den som tilgav og viste kjærlighet til sin fiende. Kristendommen tilbyr menneskene fri vilje, mens åsatroen binder dem fast i et skjebnestyrt univers. Og det tror jeg er nøkkelen til å forstå hvorfor den norrøne troen taper i sammenligningen med den nye religionen, hvorfor de hardbarka vikingene tok Krist-dåpen og tok med seg prester og biskoper hjem. Det blir som med Andreas som sørget for at broren også fikk møte Jesus; et møte som forandre livet for alltid, seier biskop Ingeborg Midttømme i sitt innlegg.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"